mandag, mars 03, 2008

Jobbing med musikkvideo - eks. Mika: Relax

Musikkvideo er ukjent land for meg - men jeg har skribla noe ned i forbindelse med at vi jobber med emnet i Vg1. Jeg tar gjerne imot kommentarer og tips til forbedringer. Den litt belærende tonen skyldes at teksten ligger ute på fagbloggene til klassene jeg har.
........
Videoen (henta frå Youtube) varer 3 minutt og 46 sekundar. Den geometriske grunnformen i videoen vil eg karakterisere som "kaleidoskopisk" (slå opp om du ikkje kjenner ordet). Bileta snurrar i ein vifteform om ein akse - mot "klokkeretninga". Videoen er stort sett som ein teiknefilm med nokre få innsmett av filminnslag med musikarane. Albumet songen er henta frå heiter: "Life in Cartoon Motion". Det forklarar noko av teikneserietemaet i videoen. Ein må sjå videoen som ein måte å promotera albumet. Når ein har sett videoen, vil ein lett kjenna att coveret viss ein står i platebutikken. Det er med andre ord viktigare å lage ein video som marknadsføring av heile albumet enn å lage ei biletforteljing som ligg tett på teksten.

Fargane som er lyse og lette, mest pastellaktige pulserer i takt med musikken. Frå senter av biletet veks det fram ulike gjenstandar, fjernsynsapparat, skyar, personar osb.. Dei veks altså fram frå midten, og vert slynga ut i biletet mot tilskodarane.
Det er vanskeleg å sjå ein logikk i biletforteljinga. Det er vanskeleg å forstå kva rolle personane og gjenstandane speler i forteljinga med unntak av sofaen som vel kan stå for det å slappa av ("relax").
Det absurde i bileta, utan mål og meining, gir ei kjensle av noko marerittaktig. Det er som om ein ikkje har fotfeste i tilveret. Proporsjonane på figurane forsterkar det absurde og marerittaktige, menneska er små samanlikna med nokre gigantiske planter som plutseleg veks fram.
Siste biletet er på ein måte optimistisk, ein mann med slips sit i sofaen og strekk henda i veret som av glede. Sofaen minnar om ein båt som duvar sakte på bølgene.


I teksten høyrer me om ein eg-person som fortel at han/ho har reist med toget og har kome til ein endestasjon der han/ho kjenner seg einsam og redd. Det er ein person som syng dette, og det er dei første 45 sekunda i videoen. Så er det som at eg-personen får svar, ein slags trøyst om han/ho ikkje er aleine, og at det er mange vegar att. Samstundes er det noko vonlaust og oppgitt i refrenget:


Relax, take it easy

For there is nothing that we can do.
Relax, take it easy
Blame it on me or blame it on you.


Temaet er eigentlig ganske alvorlig, om eksistensiell angst, men "relax",slapp av, vert gjenteke heile 13 gonger, det er ingenting vi uansett kan gjere med det. Mannen i siste biletet, er aleine ute på sjøen, men han følgjer filosofien i teksten, han gir uttrykk for nyting og velvere, og legg seg til å sove, aleine midt ute på havet.
I teksten høyrer vi mange gonger om å skrika (av frykt? av angst?), om å vera redd, om å vera vettskremt, om å leika med ilden, om å vera på feil spor. Trøysten er sjølv om det ikkje er noko ein kan gjera med dette, så er det felles trøyst i felles skjebne. Og kanskje er det von likevel, " Don’t scream – there are so many roads left."

2 kommentarer:

Marita sa...

Jeg ville også hatt med noe om musikken/artistens sound. På et seminar om sammensatte tekster i fjor var musikkvideo et av innslagene, og der var noen av punktene dette:
- hver artist har sitt lydbilde, sin sound, og ser man Mika som artist, f.eks. stemmebruk med falsett og inspirasjon fra Queen (hvis jeg ikke husker helt feil), synes jeg det harmonerer med coveret og videoen
- musikkvideo er ikke klippet på samme måte som film, men ofte i takt med musikken, "visuell musikk", rytme, repetisjon
- ikke alltid like lett å tolke/forstå videon, du kan høre sangen mange ganger = du kan se videoen mange ganger
- sjanger:
episk/fortellende
konsert/studiovideo
collage/lyriske (her har vi vel Relax?)
blandingar av disse


Ellers har bandet Dream Theater interessante cover som egner seg til analyse med haugevis av symbolikk, blant annet et album som heter Octavarium (www.dreamtheater.net), og der hele coveret er bygget opp rundt dette. (Jeg har en musikklasse på Vg2 som har gjort analyser av valgfrie cover, og da lærer de også læreren litt:)

Leif Harboe sa...

Gode poeng, Marita - jeg skal skrive dem inn i teksten, men ser om det er flere som vil bidra.