I går var eg på kurs på Dalane vgs med ein av nestorane i norskfaget, Ove Eide. Det var eit flott kurs. Gode kurs gir deg lyst til å gå tilbake til klasserommet, dei gir deg tips og inspirasjon. Slik var kurset i går. (Denne dagen testa eg forøvrig ut iPad som notatverktøy, det fungerte heilt ypperleg.)
Ove Eide var med og lagde den "nye læreplanen" i norskfaget, og han vil så vidt eg forstår og vera involvert i samband med revisjon av læreplanen. Han hadde fleire interessante innspel:
- Norskfaget bør ha éin karakter. Det gjer "ploging" mogleg. Det gjer og at ein kan jobba meir heilskapleg. Det ivaretek og karaktersetjing av samansette tekstar, tekstar som i dag fell mellom fleire stolar.
- Ein bør ha obligatorisk sidemålseksamen i Vg2. Dette er viktig for å sikra at alle elevar på studieførebuande kurs har kompetanse i sidemål. Det at ein har sidemålseksamen i Vg2 og at ein berre har éin karakter, vil gjera at ein vil jobba betre og meir målretta enn det ein gjer i dag.
- Dette tykkjer eg verkar å vera endringar til det beste for elevar og norsklærarar. Eg vonar han får gjennomslag for dette! Når kan dette vera på plass om, først om tre år??
På slutten av dagen slo han eit solid slag for sakprosaen, men og for filmar som kunne vera viktige for eleven si danning, t.d. A clockwork orange, ein som eg trur heiter Boondock saints og realityprogram som t.d. "Jakten på kjærligheten". Han nemnde tekstar av Gerhard Schøning, Eilert Sundt, Kati Anker Møller, Karl Evangs (t.d. dømes teksten han skreiv om onani) eller for å ta noko nyare, ein tekst av Mads Gilbert (SMS fra Gaza, eg reknar med at det er teksten eg kopierer inn nedanfor). Ut med noko av skjønnlitteraturen, inn med sakprosaen!
Sms fra Gaza
De bombet det sentrale grønnsaksmarkedet i Gaza by for to timer siden. 80 skadde, 20 drept, alt kom hit til Shifa. Hades! Vi vasser i død, blod og amputater. Gravid kvinne. Jeg har aldri opplevd noe så fryktelig. Nå hører vi tanks. Fortell videre, send videre, rop det videre. Alt. GJØR NOE! GJØR MER!! Vi lever i historieboka nå, alle!
Mads Gilbert, 040109. kl 1350, Gaza, Palestina
Mads Gilbert, 040109. kl 1350, Gaza, Palestina
1 kommentar:
Ove Eide er en "gokar". Jeg har også hatt gleden av å diksutere norskfaget med ham på kurs. Jeg opplevde han som meget lydhør.
Sjekk forøvrig ut boken Sakprosa i skolen. Der finner du mange gode tekster.
http://www.fagbokforlaget.no/?isbn=978-82-450-0921-7
Legg inn en kommentar