På en måte burde elevene fått disse kommentarene før de skrev, men uansett - kommentarene var ganske greie å bruke i kombinasjon med Markin + kort individuell kommentar i forbindelse med rettinga. Kanskje det kan være til nytte for flere. Jeg kommenterer altså oppgavesettet som ble publisert høsten 2008, eksempeloppgave A.
Det slår meg forøvrig at hvor krevende disse oppgavene er. Etter nå ha lest gjennom rundt 40 elevtekster, er det f.eks. bare et mindretall som egentlig skjønner diktet til Hoel.
Del A
Her skal teksten vera på omlag 250 ord, ikkje lengre. Sjå til at du avpassar teksten etter dette. Hugs her å ikkje oversetja teksten frå bokmål til nynorsk eller omvendt viss du siterer.
Du skal skriva om korleis du oppfattar temaet i diktet "Ord om å holde ut". Det er viktig her å bruke teksten når du grunngir svaret ditt. Me får ofte ein peikepinn om kva forfattaren meiner er mest sentralt i overskrifta, så også i denne teksten. Så eg vil hevda at temaet er det å halda ut, og det som er føresetnadene for å kunna halda ut. Det er likevel ikkje tydeleg forklart i denne teksten kva han meiner med "å holde ut". Er det å kjempa politisk? Er det å stå på når livet vert vanskeleg? Han skriv om å "tro på at alt er mulig".
Eit sentralt verkemiddel i teksten er motsetjing eller kontrast. Hoel peikar på kva me har ord for, t.d. at me har mange for fjell på norsk, enda fleire ord for snø på samisk, men så er det ei stigning i teksten ved at han hevdar at me frå amerikansk har fått eit rikt utval av ord for teknologi og våpen. Det verkar som om Hoel meiner at me ikkje har denne språklege rikdomen når det gjeld "ord for å holde ut". Her kjem altså kontrasten. Så her er det altså ei motsetjing mellom det me har ord for, og der me manglar ord.
Midt i teksten nyttar forfattaren tre retoriske spørsmål som da er eit anna verkemiddel. Han svarer ikkje direkte på dei, men gjentek så i strofa etterpå at han vil gå inn i språket og laga ord som han meiner er viktige, men som manglar. Noko av det som gjer teksten rytmisk er alle gjentakingane. "Det er" vert gjenteke to gonger i første strofe. "Ord" vert gjenteke sju gonger
Teksten konkluderer med kva han vil gjera med orda han finn opp. Forteljaren i teksten peikar her på at me vert "handlingsladete" viss me har dei rette orda, altså kor viktig språket for at me kan handla.
Oppgåve 1
Her skal du skrive eit essay eller kåseri. Det står i teksten at du skal ta utgangspunkt i ein eller fleire av tekstane. Du bør her vera tydeleg på kva for tekstar du tar utgangspunkt i ved at du til dømes kjem inn på tekstane ved at du siterer dei, og at du gjerne fleire gonger kjem inn på tankar fra tekstane og nyttar dei i din eigen tekst. Det kan vera tankar du er einige i eller ikkje.
For å skriva godt kåseri eller essay er det ei føresetnad at ein sjølv les mykje og har eit medvite forhold til språk og språklege verkemiddel. For å få ein god karakter vil ein i kåseri- eller essaysjangren "leika" med språket på ein elegant og til tider overraskande måte.
I begge teksttypane er det viktig å ha ein raud tråd, det skal vera ein samanheng i teksten, ikkje ein samling tilfeldige innfall. Det står og at teksten skal handla om språkleg rasisme. Da må ein ha klart for seg kva rasisme er. Viss teksten din ikkje handlar om dette, så er det ikkje svar på oppgåva, og du kan risikera strykkarakter sjølv om teksten språkleg er ok.
Språkleg sett skal teksten vera feilfri. Er det sidemål, skal du visa at du beherskar også det sjølv om ein må forventa litt meir feil enn i ein hovudmålstekst. Du skal ha eit variert og elegant språk. Merk at ein ikkje på kort tid kan lesa seg opp på kreative sjangrar. Grunnlaget har ein lagt gjennom korleis ein har jobba med språket gjennom mange år, men alle kan verta betre. Det er viktig å lesa kva gode skribentar og forfattarar skriv, enten det er i aviser, i bloggar eller andre stader, og så reflektera over korleis dei gjer det.
Litt om kåseri (bokmål)
Når det gjelder denne kreative sjangeren, vil det være ulike synspunkter på hva som er bra og dårlig, og jeg vil understreke at dette er hva jeg tenker
Komposisjon
I denne teksten forventer jeg en innledning som fører oss inn i det som er temaet for kåseriet. Innledningen skal skape forventning og gjerne få tilhøreren/leseren vennlig stemt og i godt humør ettersom hovedfunksjonen til et kåseri er å underholde. I hoveddelen forventer jeg at du på har god sammenheng mellom avsnittene, og at du på en fantasifull måte peker på ulike sider ved temaet i teksten. Avslutningen bør i en slik tekst være et lite høydepunkt. Det kan være en god ide å ha spart et godt poeng til de siste linjene.
Vurdering av kåseriet ditt på dette punktet:
Innhold
Som nevnt tidligere er hovedfunksjonen i et kåseri å underholde, ikke belære eller å forkynne. Et viktig element er da noe så viktig som humor. Nå er humor så mye. Det kan være å gapskratte, det kan være å humre, og det kan være at vi trekker på smilebåndet. Et kåseri behøver nødvendigvis ikke være hysterisk morsomt! Noen tror at hvis de overdriver voldsomt så blir det morsomt. Sterke overdrivelser kan virke slitsomme. Når jeg retter et kåseri, er jeg klar over at det noen synes er festelig, ikke nødvendigvis er like morsomt for meg, men jeg forsøker å se på de eksemplene skribenten har brukt, og hvilken virkemidler som er brukt.
Hvis den som kåserer, klarer å se på temaet på en ny, overraskende. sprelsk og original måte, er det bra. Hvis vedkommende kun kommer med det nokså selvfølgelige, er det lett at vi får en følelse av at vi har hørt dette før, og at vi kjeder oss.Det er viktig at man forsøker å lete etter gode bilder og gode ideer.
Vurdering av teksten din på dette punktet:
Form
Teksten skal selvsagt ha korrekt rettskriving, men et kåseri kan være mye mer muntlig enn f.eks. en tekstanalyse. Man kan bruke uttropstegn (men ikke overdriv), halve setninger (hvis det er et poeng), og man kan bruke ordet "du" og henvende seg til leseren på en annen måte enn i en saktekst.
Kommentar til teksten din på dette punktet:
Sluttvurdering:
Inspirasjon
Hør på kåseriene som ligger som podcast hos NRK: http://nrk.no/podkast/
Du finner informasjon om hvordan lese ned kåseriene som podcast her: http://nrk.no/tjenester/podkast/1.4434674.
Den såkalte RSS-feeden er slik: http://podkast.nrk.no/program/morgenkaaseri.rss
Jeg anbefaler gratisprogrammet som heter iTunes (http://www.apple.com/no/itunes/download/) for å laste ned og høre podcast. Jeg kan dessverre ikke bistå deg med det tekniske. Har du problemer, prøv å spør noen du kjenner som har greie på data.
Oppgave 2 - tekstanalyse
Her skal du vise at du har god tekstforståing, og at du har god innsikt i språklege verkemiddel. Du skal visa korleis teksten er bygd opp, og kva for språklege verkemiddel som er nytta i teksten. Dei som får gode karakterar på denne type oppgåver, les regelmessig bøker, aviser og andre tekstar. Dei er vant til å lesa og fortolka. Dei har sett seg inn i analyse, og har godt oversyn over fagterminologi. Tekstanalyse er noko de har jobba litt med både på ungdomskule og i vidaregåande. I likskap med mykje i norskfaget legg ein grunnlaget ved å vera konsentrert og aktiv i timane. Det er ikkje noko ein les seg opp til "kvelden før". Det står at ein skal bruka omgrep frå retorikken. Ein bør her som eit minimum koma inn på etos, logos og patos som er sentrale element i retorisk teori. Elles nyttar ein det ein veit om argumentasjons- og språkbruksanalyse.
For å få god karakter må ein lesa teksten nøye, observera og reflektera korleis teksten er sett saman. Ein må laga ein samanhengande tekst som ikkje verkar oppramsande. Ulempen med analyseskjema er at elevsvara lett kan bli oppramsande og usamanhengande. Lag gode overgangar mellom avsnitta. Ikkje ha for korte avsnitt. Viss det er sidemål, skal ein vise at ein har god kontroll på formverk. Ein viser og indirekte om ein klarer å nytta dei verkemiddel ein har tilgjengelig. Ettersom ein har tilgang til stavekontroll, andre ordlisteverktøy (digitale eller trykte) bør teksten vera feilfri.
Har du nynorsk som sidemål, vil det sjølvsagt vera til hjelp for deg om du regelmessig les og skriv på nynorsk. Viss du skriv nynorsk nokre få gonger i året, vil det vera vanskelig å skriva godt og rett. Noter derfor gjerne på nynorsk i det daglege.
I oppgåva vert du bede om å kommentera innlegget til Rivedal. Du tar da utgangspunkt i noko at det han skriv, så har du her høve til å koma med kva du meiner om dette. Her kan du jo vera både samd og usamd. Grunngi meiningane dine. Ver nyansert og ikkje skråsikker.
Litt om strukturen på svaret ditt. I oppgåveordlyden står det til slutt: "Kommenterer deretter Rivedals innlegg". Vi har altså her ein todelt oppgåve, og ein bør her først ha ein analysedel - deretter ein kommentardel, og ikkje blanda dette.
Oppgåve 3 - litterær analyse
Her vil den som regelmessig les noveller, romanar og andre type tekstar ha eit stort fortrinn. Viss du mest aldri les, vil du og ha vanskeleg for å gi ein god litterær analyse. Men uansett må ein gjera det beste ut av det. Du legg og grunnlaget for prestasjonen din ved at du er aktivt deltakande i kvar skuletime. Ver aktiv - les- les - les!
Ei god litterær analyse gjer greie for innhald og form i den litterære teksten. Ein forfattar har ulike val når han skriv teksten sin, kva for forteljarsynsvinkel han nyttar, korleis personane vert skildra (direkte og indirekte), korleis handlinga vert bygd opp osv. Det siste kan ein ikkje seia så mykje om i dette tilfellet ettersom ein kun eit kort utdrag. Det er noko ein gjerne bør nemna når ein analyserer eit kort tekstutdrag.Bruk teksten, siter frå teksten.
Det er greit å sjå på diverse analyseskjema. Samstundes er det viktig at teksten din har god flyt, og ikkje vert ei endelaus oppramsande liste over verkemiddel. Du kan i så fall få beskjed om at teksten er "oppramsande" eller "skjematisk".
Det vert forventa at du skriv korrekt sidemål enten det er bokmål eller nynorsk. Ein skal ha eit grunnleggjande oversyn over formverket (t.d. personlege pronomen, ending på verb og substantiv osv). Sviktar det grunnleggjande her, vil du lett havna ned på ein toar. Du har tilgang til stavekontroll og trykt eller elektronisk ordbok slik at du når du er i tvil, kan slå opp. Har du mykje feil, viser du og at du ikkje har lært å nytta deg av desse verktya.
Oppgåve 4 - novelleskriving
For å skriva ei god novelle er det ein føresetnad at du sjølv les mykje. Viss du ikkje er ein aktiv og engasjert lesar, så ikkje tru at det å skriva novelle og få 4 eller betre er enkelt. Sjølv om ein berre har 3-5 timar, så vert det forventa noko meir enn ein overflatisk og banal forteljing som ein ungdomsskulelev kunna ha skrive (de får orsaka den ironiske tonen). Les råda til forfatteren Morten Harry Olsen som du finn her: http://mortenharryolsen.no/skrivekurs/om-a-skrive-fortellinger/
Typisk for dårlege forteljingar/novellar er at dei seier alt og ikkje overlet noko til lesaren (det me kan kalla for undertekst). Sjølv om ei novelle kan vera svært så fri i formen både når det gjeld setningsbygnad og komposisjon, forventar ein korrekt språk sjølv om ein t.d. kan nytta replikkar på dialekt.
I denne novella skal du skriva om "å finne dei rette orda". Det er altså temaet, og må med andre ord spela ei sentral rolle i teksten.
Oppgåve 5
Oppgåva er todelt, og det er ikkje ein tradisjonell språkbruksanalyse ettersom ein her ikkje blir bede om å seia noko om verkemiddel i teksten. Ein skal visa at ein er ein god lesar ved at ein kan gjera greie for hovudsynspunktet i teksten. Viss ein meiner at teksten kan verta forstått på fleire måtar, er det fint viss ein peikar på fleire tolkingsmoglegheitar. Grunngi og siter frå teksten slik at det ikkje berre vert "synsing".
På siste delen ("kommenter nokre av påstandane"), er det viktig å grunngi det ein sjølv meiner. Det vil vera bra å vera nyansert og ikkje for skråsikker.
For å skriva ein god oppgåve som dette, er det mest ein føresetnad at ein jamnleg les ulike typar tekstar som t.d. romanar, avisar, bloggar og andre tekster og på denne måten bidreg til å utvikle den språklege kompetansen. Det er viktig og naudsynt å utvikla den språklege muskelen.
For å få middels eller betre karakter må ein ha kontroll på både nynorsk og bokmål. "Nynorskmuskelen" har veldig godt av at du jamnleg les litteratur på nynorsk.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
TUSEN TAKK! Jeg er alltid litt på etterskudd med slike ting til egne klasser, men reddes av gode kolleger som deg.
Legg inn en kommentar