Avslutningssong.
( Mel: Levende lys)
Rundt i heile verda står skular og ventar tålmodige natt etter natt.
På at det skal lysna, og klokka skal ringa, og ungane skal koma att.
I alle fasongar, med mange etasjar, der står dei og ventar på liv.
Kvar einaste morgon kjem barna med ranslar og bøker og initiativ
Og alle vindua lysar kvar morgon.
Lysar og viser at nå er me i gong.
Og i frå tusenar, ja frå millionar
Opplyste klasserom der høyrest det song.
Ja slik har det vore frå eldgamle tider at ungar skal svetta og stri.
At barna skal lesa og synga og rekna og leika seg ut i det fri.
Reformar har kome reformar har bleikna, og mangt har fått nytt perspektiv-
Men ein ting står fast gjennom tider som rullar: Der barna er der er det liv.
Livet det boblar det syng, leikar og gyngar.
Ungane leikar og gret, kranglar og ler.
Her er det ungar, her er levande livet.
Ungar som veit ungar som finst, høyrer og ser.
Her har me bygningar nye og gamle, her blandast det eldste med nytt.
Her seglar ei skute med tende lanterner og liv i kvar minste kahytt.
Her har det sprunge utallige ungar og nye skal her finna plass.
Det gamle og nye det kjende og ukjende står her og er vårt palass.
Her i frå skal songen slå ut mot nye tider.
Levande barn skal bera fram glede og liv.
Her skal dei få kunnskap og mot, her skal dei leva.
Leva med lys, glede og håp og perspektiv.
---
Sangen er altså skrevet av kånå, Heidi Strand Harboe og lagt ut her med hennes tillatelse
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar