søndag, februar 25, 2007

Fem-avsnittsmetoden

Jeg har rettet/kommentert over 80 tekster den siste uka, (de siste 25 tekstene på den nye 22'' forøvrig), men det har vært interessant. Jeg introduserte elevene for den såkalte femavsnittsmetoden som matcher lærebokas omtale av temasetninger/nøkkelordsetninger. Hele greia handler om å tenke hvordan bygge opp avsnitt og å vurdere overordnede og underordnede nivå. Jeg tror vi norsklærere i for stor grad beveger oss på det morfologiske nivået. Ellers er masteroppgaven til Guttorm Hveem om grafiske organisatorer ikke uinteressant i denne sammenheng. For han handler det om hvordan en kan synliggjøre ulike typer strukturer grafisk. (Hveem har lagt ut en kjapp innføring i dette her.) Jeg må sjekke opp Cmap og Freemap som er gratisverktøy (vi liker det som er gratis!). Ellers var det en tilbakevendende problemstilling i en del tekster om bruk av kilder osv.

5 kommentarer:

Arne Olav sa...

Gratla med ny skjerm. Midtveges i hovudoppgåva mi kjøpte eg meg ein ekstra flatskjerm, og eg er heilt overtydd om at det sparte meg for uhorvelege mengder arbeid.

Guttorm Hveem sa...

Berre for å informera.
Det er stor forskjell i prinsippa mellom Cmap og freemind.
I Cmap kan ein laga konseptkart (concept mapping) der ein må skriva inn relasjonen mellom dei ulike nodane. Det vil seie at ein får eit meir detaljert og kanskje presist uttrykk for forståinga eller samanhengane.
Freemind baserer seg på tankekart (mind maps) der ein sjølv må vite eller gjette kva relasjonane betyr.
På overflata er kanskje ikkje forskjellane store, men prinsippa legg til rette for to forskjellige typar kart.
CMap har støtte for kollaborasjon, ein kan dela kart og finna kart hjå andre brukarar eller organisasjonar.

Sjølv brukar eg hovudsakleg Mindjet Mindmanager saman med office-pakka og tykkjer det gir meg mest for pengane. (Sjølv om to av alternativa er gratis...). Rett som det er må eg ty til Cmap for å visa kva relasjonane mellom dei ulike nodane er. Kort oppsummert: Tankekart kan vere ei god støtte for å visa strukturar, men ein må ha kontroll på relasjonane. Konseptkart er tydelegare, ein ser kva relasjonane er.

Elles finst det fleire moment her:
http://guttorm.hveem.no/blogg/2005/05/digino-presenterer-freemind-som-dagens.html

Masterpresentasjonen med manus: http://guttorm.hveem.no/guttorm_hveem_master-presentasjon.ppt

Fleire verktøy: http://guttorm.hveem.no/blogg/2005/06/nokre-verkty-som-og-kan-nemnast.html

Leif sa...

Pris kan være ganske avgjørende for skolen selv om frikjøp sikkert i noen tilfeller kan forsvares. Har du erfaring med denne typer organisatorer i klasserommet?

Guttorm Hveem sa...

Elevane kan tankekart på papir, men har lite erfaring med sjølv å laga digitale tankekart. Men eg bruker rett nok digitale tankekart når eg presenterer, når eg vil visa strukturar og samanhengar, når me har felles brainstorming, når me skal sortera ord og uttrykk. Og sannsynlegvis i ein del andre tilfelle og. Digitale tankekart saman med smartboard er ikkje dumt.
Eg trur ikkje meirverdien med bruk av freemind i forhold til å bruka papir er så stor. Det vert jo sjølvsagt litt enklare å redigera, og så kan ein bruka bilete.
Cmap kan derimot gir ein meirverdi i ein del samanhengar. Eg ville nok installert dette før freemind.
Diverre har verken freemind eller cmap støtte til ein full prosess med tekstskaping. Mindmanager støtter fleire delar av prosessen. Ein kan starta med å laga strukturen, deretter kan ein organisera teksten og skriva teksten rett inn i programmet. Når ein så er ferdig kan ein velje å eksportera til forskjellige format, t.d. linjær tekst i word-format.

Guttorm Hveem sa...

Oppdatering på tankekart: Den som leitar skal finna! Sjekk http://mindomo.com/index.php førebels i beta, men det verkar lovande med nettbasert tankekartverktøy. Kan importera filer frå mindmanager.