onsdag, april 24, 2013

Videopresentasjon i samband med lærarstemnet i Sogndal 26. april 2013)


Etter avtale har eg laga ein videopresentasjon som tek utgangspunkt i det eg snakka om på lærarstemnet i Sogndal i går (26.4.) De finn og  pdf-en her. (Det blir gjerne nokre mindre endringar i siste liten, men eg reknar med at presentasjonen blir omlag slik de finn han her)

tirsdag, april 23, 2013

Allkunne i undervisninga

Allkunne.no er ein interessant ressurs for skuleverket, men slik eg vurderer det førebels ikkje heilt lett å finna fram i. Eg sende difor ein epost til redaksjonen for å få litt hjelp med å finna fram til godsakene. Eg fekk raskt svar, og eg fekk òg lov til å dela svaret med blogglesarane mine.



 -------------------


 Allkunne har ei rekkje artiklar vi trur kan vere interessante for trinnet du underviser i. Vi har ei stor og omfattande krønike over nynorsk skriftkultur. Den finn du her:  og fleire artiklar står ute i høgre marg. http://www.allkunne.no/default.aspx?menu=34&id=1063

Vi har også ein stor biografi om Ivar Aasen, den mest fyldige, digitale som finst. http://www.allkunne.no/default.aspx?menu=25&id=1030

Vi har også ei rekkje artiklar om andre personar som har vore viktige i danninga av skriftspråket nynorsk – som Hulda Garborg, Arne Garborg, Hagbard Berner, Anders Hovden,

Vi har også artiklar om hovudformer, sideformer, læreboknormal.
Vi har også artiklar om alle norske statsministrar – spesielt spennande kanskje den om Wollert Konow som måtte gå som statsminister fordi han erklærte sin kjærleik til nynorsken.



Institusjonar og aviser var også sentrale i framvoksteren av nynorsk skriftkultur. Vi har artiklar om det meste her – som om Dølen, Norsk Barneblad, Det norske Teatret, Samlaget.

Korleis bruke materialet? Materialet er eit fint supplement til pensum. (Artiklane våre er skrivne særskild for skulen og innhald og språk kvalitetssjekka). Ein kan også bruke det som utgangspunkt for at elevane skal skrive oppgåver med digitale kjelder. Ein kan ta utgangspunktet i krønika over nynorsk skriftkultur og gje oppgåver som td Peik på sentrale drivkrefter som var med å drive fram eit nynorsk skriftspråk på slutten av 1800-talet.  Ein kan snevre inn og gje oppgåver som td handlar om nynorsk som scenespråk – Det norske Teatret, eller om viktige forfattarar som tok det nye språket i bruk.

Vi kjem elles i løpet av våren til å få eit betre søk på sida vår og skal lansere menyar, så det vert litt lettare å bruke Allkunne.no i undervisninga.
Elles om de brukar digitale verkty som Facebook og Twitter, er det lurt å la elevane bruke litt tid inne på www.facebook.com/allkunne - her kjem det nye opplysingar og ting til debatt kvar dag. Elevane kan td starte ein diskusjon inne på sida vår?
Håpar dette var til hjelp – ta gjerne kontakt igjen!


Beste helsing Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, Allkunne.

mandag, april 22, 2013

Flipped norskteaching for å si det på ikke helt god norsk - videokommentar til stilskriving

I forlengelse av en innlevering, kommer man som lærer på hva man ser er problemområder som mange sliter med. Denne gangen laget jeg en videokommentar som elevene delvis så i timen. Den går både konkret på oppgavene elevene skrev, men den tar også opp en del generelle problemstillinger. Flipped teaching?

Kommentar stilskriving april 2013 from Leif Harboe on Vimeo.

søndag, april 07, 2013

Brudeferden i Hardanger (Rasmus Breistein) - videokommentar



Rasmus Breisteins film Brudeferden i Hardanger fra 1926 er absolutt noe som kan brukes i norskundervisningen. Jeg er litt usikker på hva elevene syntes da jeg viste dem filmen siste økt nå fredag. Men jeg har supplert med en liten videokommentar. Enjoy.